Grunnkurs hav 6. - 7. juni 2026
lør. 6. - søn. 7. juni 2026
Påmelding stenger tirsdag 2. juni 2026 22:00
Erestraumen, Sæverudsøy
Finn billetterGrunnkurset er på 16 timar, over to dagar, gjerne laurdag og søndag. Kurset føl Norges padleforbund sitt oppsett for grunnkurs. Her lærer du mellom anna korleis du handterer kajakken på land og på sjøen, grunnleggande padleteknikk, om vêr og vind, og korleis ein forheld seg til andre på sjøen.
Tilbakemeldingane me får er at kurset er svært nyttig, og gir god kunnskap og erfaringfor å padla vidare på eiga hand.
I dagane før kurset startar, vil du motta eit infoskriv om det du treng å vita om og ha med deg på kurset.
NB!
På dette kurset må du ha drakt (tørr eller våt med ull under + klesbytte ).
Barn fra 12 år, I følge med voksen over 18 år, kan melda seg på voksenkurs.
OBS! OBS!
- Om du ønskjer å bli medlem i klubben er det best å melde seg inn som medlem før du registrerer deg på kurset. Du finn knapp for registrering på neste side.
- Legg først til alle du ønskjer å melde på kurset. Når du har lagt til alle du ønskjer å melde på kurs, så sjekk at deltakarane ligger inne med rett billett-kategori i nedtrekks-boksen under kvart namn, før du går vidare til betaling.