

Natur og kultur - Store Kalvøy
tir. 30. mai 2023
Vi kjem til Store Kalvøy med hurtigbåt og frå kaia fylgjer vi
Pampusvegen opp bakkane til Nystova, der vi skal halde hus. "Der
det er hjarterom er det husrom".
Omlag kl. 13 serverer vi suppe med
brød. Deretter vil det bli fortalt frå øyas historie fram til i dag og med innspel frå nokre av dei fastbuande der.
Det blir og eit innlegg om Torholmen og det som utspelte seg der under krigsåra
ved Håkon Bjørnøy.
Då er det tid for å sjå seg om på øya, og om veret tillet, kanskje ta ein rusletur til Fyret som ligg på øyas vestlegaste punkt. Lett terreng, men den som ynskjer kan ta ein topptur til høgste punkt på øya - 46 moh.
Når vi igjen er samla blir det kaffi og kake før heimreisa.
KORLEIS kjem vi til øya: Vi møtes på Skateflukaia kl 11.30 (seinast) eller frå Valderøya, og tar hurtigbåt:
frå Ålesund kl 11.35
frå
Valderøy kl 11.45
frå
Hamnsund kl 12.05
TIL Store
Kalvøy kl 12.11
Tilbake til Ålesund:
frå Store
Kalvøy kl 17.56
på
Valderøy kl 18.05
og i
Ålesund kl 18.15
Max 20 deltakarar – Pris pr deltakar kr. 250 – Bindande påmelding innan
fredag 26. mai.
Påmelding startar i 16.5. (14 dagar før arrangementet) slik praksis tidlegare har vore.
StyreWeb sjekkar for medlsemskap.
Avbod må meldast omgåande til Arne Vik 922 03 604 eller epost ar-vik@onlne.no
Velkomen! – For Velforeninga på Store Kalvøy – Marit Kalvø