Det vart diverre mykje kluss i samband med påmeldinga til turen til Store Kalvøy 30. mai:
Mange som ønskte å vere med fekk ikkje meldt seg på i tide. Vertskapet
har antyda at det kanskje kan arrangerast ein ekstratur, utan at ein no
kan seie når. Interessentar til denne turen kan melde seg på via denne
sida utan å betale og utan at det er avgrensa deltaking. Vert det fleire
enn 20 vil vi trekke lodd.