Heroimage
Heroimage

Kurspåmelding 2024-25

tor. 15. august 2024 - fre. 20. juni 2025

Finn billetter

Du kan her registrere påmelding til eit eller fleire av våre kurs for 2024-25.

Viktig info før du sender påmelding:

Me har plass til alle

Medlemer som allereie går på kurs for perioden 2023-24, har prioritert når det gjeld plassar for den komande perioden. Når det er sagt – me finn alltid gode løysingar slik at alle får plass hos oss. Så er du ny, ikkje nøl med å melde deg på! Står det utsolgt/fullt på kurset du vil melde deg på, ta kontakt med kurs@spinae.no, så skal me setje deg på venteliste! Merk: Det kan forekoma skift/endringar internt i gruppene.

Send ei påmelding pr. person
Har du fleire born du skal melde på kurs, hugs å sende inn ei påmelding pr. born på dei kursa vedkomande ynskjer å vere med på.

Medlemskap
Medlemskap i foreiningen er ei forutsetning for å kunne melde seg på kurs hos oss. Registrering av medlemskap kan gjerast samstundes som du registrerer påmelding til kurs her. Medlemskapet kostar kun kr. 50 pr. år, og kjem i tillegg til kursavgifter.

Oppstartstidspunkt og kurskalender
Oppstartsdato for det enkelte kurs vert kommunisert i god tid før kursa tek til i løpet av august 2024. Sjå vår kurskalender på www.spinae.no for ein komplett timeplan over alle våre kurs. Me følger skuleruta. Merk: Atterhald om at kurs med færre enn sju påmeldte ikkje blir satt opp.

Merknad til betaling
Innbetalinga av medlemskontingent går via Effuktus AS som er leverandør av Spinae Sunnhordland sitt medlemsregister, og vil difor sjå at det er Effektus AS som dukkar opp i betalingsvindauga for kort og Vipps.

Meld på her!

Beste helsing
Foreininga Spinae Sunnhordland